Sportsleg møte Februar 2020 Sportsleg møte Februar 2020

Sportsleg møte rundt lagspåmelding

Åtte trenarar og lagleiarar var samla saman med leiar for fotballgruppa til møte rundt lagspåmelding for den komande sesongen.

Det var bestemt at ein melder på lag i fire klassar, og kva for nokon turneringar/tilbud dei forskjellige skulle meldast på.
Det vart også diskuert potensielle kandidatar til ny leiar for fotballgruppa, samt politiattestar. Trenarkurs, oppstart av dei nye seksåringane, treningstider, treningskontingent og diverse andre ting vart også diskutert.
Neste sportslege møte vart beramma til tysdag 10. mars kl. 19.30 på Jomsvoll.