Gutar 10 år lagbilete

Vi treng hjelp frå deg

Hjørungavåg IL er eit idrettslag med lange tradisjonar og fotball har vore ein av hovudaktivitetane sidan stiftinga 20. september 1945. Og vi treng hjelp for at tradisjonane skal vare ved.

Dei som engasjerar seg rundt fotballen i idrettslaget opplev utfordringar med å gje dei aktive det tilbodet dei fortener. Har du lyst å hjelpe oss ute på bana, så vil me høyre frå deg! Men det er også mykje ein kan bidra med som ikkje er direkte fotballrelatert, og som ein kan gjere frå kvar som helst. Døme på ting me treng hjelp med, som ikkje er direkte fotballrelatert:

  • Likar du halde på med PC, så treng me hjelp til å strukturere dokumentområdet vårt, ajourføre adelskalenderen vår, eller halde nettsida vår oppdatert.
  • Er du glad i bilete og video, så treng me hjelp til å administrere dette for oss.
  • Er berekraft viktig for deg, så treng me hjelp til å bli betre på det!
  • Er du glad i pengar, så treng me hjelp med rekneskap og det økonomiske.

Det er alltid noko ein kan bidra med! Me er heilt avhengige av at personar kan hjelpe til med ting dei brenn for. Dette tilpassar ein heilt til eigen kvardag og ønske! Det kan vere små ting som tek fem minutt i veka til litt lengre tid – alt er nyttig!

Du får ta del i eit fellesskap og bidreg til ein betre oppvekst for yngre i bygda vår!

Har du eit ønske om å hjelp oss så send ein SMS til 950 29 188, eller send ein epost til hjorfotball@gmail.com.