Alle laga fekk spele minst ein kamp på kunstgraset og på naturgrasbana.

For oss var dette stort!

Det heiter rett nok miniturnering men det er den største turneringa Hjørungavåg IL Fotball har arrangert på monge år!

26 fotballag frå distriktet vårt deltok i dag på miniturnering på Jomsvoll.
Der var ikkje parkeringsplassar igjen, det gikk varmt i kiosken i longe periodar, og det vart scora mål i søkk og kav! Det vart spelt fire kampar til ei kvar tid fordelt på fire banar, to på kunstgraset og to på naturgrasbana. Rundt 60 kampar vart avvikla frå kl. 10.00 til kl. 15.00.

Vi hadde også seks unge dommarar der fem av dei dømte sine fyrste fotballkampar nokon gong! Dei fekk feile , lære og mestre, og vaks på det. Det gav meirsmak, sa dei, og ville dømme vidare og ta ytterligare dommarkurs! Stor takk til alle besøkande lag og tilskodarar for det!

I kiosken var det ei ung spire som fekk prøve seg som kiosksjef for fyrste gong, og vi trur det gjekk over all forventning!

Takk til alle som bidrog med varer til kiosken, alle frivillige som bidrog som parkeringsvakt, kioskpersonell og kampvertar. Ein takk må også rettast til naboar for parkeringsløyve, og sist men ikkje minst må vi rette ein kjempestor takk til alle besøkande! For oss var ditte stort!