Har du lyst å vere med å spele fotball saman med ein sosial og speleglad gjeng?

Vil du spele fotball? Vil du ha det kjekt? Med stor friheit? Da er vi noko for deg!

Vi har ein seniorgjeng som trenar og spelar 7arkampar mot andre lag frå Sunnmøre. Det er spelarar frå 18 år og opp til over 50 år, eit snitt på 34 år, som spelar og har det kjekt ilag. Det sosiale står i sentrum, og det er omtrent kun fotballspeling det går i. Det er med spelarar frå både Hjørungavåg, Hareid men også dei som er busett i Ulsteinvik.

Nokon er med og spelar kampar, medan andre kun er med på treningane. Vi trenar kvar onsdag og søndag kl. 20.00 på Jomsvoll.

Akkurat no slit vi veldig med å halde hjula i gong. Vi har mysta nokre spelarar på grunn av arbeid på sjø, skader og overgongar til andre klubbar, så vi treng både spelarar som vil være med å trene, men også dei som vil være med å spele kampar saman med oss.

Det er heilt greit om ein kun kan være med på ei trening i veka, eller sjeldnare enn det også.

Har du lyst å ha det gøy saman med oss, så er du hjarteleg velkommen. Ingen forventningar om fotballferdigheiter!
Send ein epost til klubben, ta kontakt med klubben på facebook, eller ta direkte kontakt med nokon på laget om det er nokon du har kontakt med der!