Ei markering og eit lagbilete for Jayasheelan!

Fotballgruppa treng ny kasserar

Måndag heldt fotballgruppa det siste sportslege møtet med Jayasheelan som kasserar.

På agendaen sto årsrapport frå dei ulike laga og  laginndelingar, med litt andre ting. Det største punktet var nok ny kasserar.
Jayasheelan har vore kasserar dei seinaste åra, i tillegg til å trene fotballag i bygda.
Vi er ubeskriveleg takksame for alt Jayasheelan har bidrege med, inn mot idrettslaget, men også meir spesifikt inn mot laga han har trena.
Det blir veldig trist når han flyttar frå oss. Men vi ynskjer han lukke til vidare, og håpar å sjå han igjen ved eit seinare høve!

Det er ein sosial og kjekk gjeng som dreg lasset ilag i same retning, så den nye kasseraren kjem inn i ein kjekk gjeng! Jayaheelan har også laga ein rollebeskrivelse med klare oppgåver for den nye kasseraren, som også kan delast på fleire personar. Er ein litt ny og blank med tanke på oppgåvene, så hjelpar vi kvarandre på rett vei! Er dette noko du kan hjelpe oss med, så ta kontakt!