Jomsløpet 5. mai 2019

Jomsløpet – vårens vakraste – på Hjørungavåg
Det har vore tradisjon for terrengløping på Hjørungavåg i over 50 år.
Fyrste løpet gjekk på 60-talet, men namnet Jomsløpet kom fyrst på 70-talet. Så kanskje mor og far har vore med, eller bestemor og bestefar?
Kvart år får nye born høve til å delta. Vi tilbyr ei rekruttklasse for born under skulealder, der dei kan vere med å springe saman med ein vaksen om dei vil.
Kom og bli med og prøv du og! Det er spanande å stå på startstreken og springe i ei terrengløype for så å nå målstreken. Alle som fullfører løpet får medalje som deltakarpremie.
Løypa er i dag på om lag 400m delvis i terreng/grus og delvis på gangveg, med flat profil på nedsida av skulen, med start og mål på skuleplassen.
Vi brukar å starte klassevis, med både jenter og gutar saman. Rekruttane har eiga klasse, og startar fyrst (førskulealder).
Deretter startar vi klassevis med 1. klasse fyrst og 7.klasse til slutt.
Vi har og ei klasse for ungdomsskuleelevar/junior (2 runder) og evt. for senior om folk viser si interesse og ynskjer å delta.
Registrering frå kl 1200
Vel møtt til vårens vakraste på Hjørungavåg