Redaktør Redaktør til Hjørungavåg IL

Hjørungavåg IL søker redaktør til heimesida

Kan du hjelpe til heimanfrå?

Dette inneber å publisere ferdigskrivne nettsaker med bilete tilsendt frå dei forskjellige fotballaga, hovedstyret, trimgruppa, turlaget og/eller anleggsfolket, og følge opp disse gruppene om nødvendig.

Det er ein fordel om vedkomande har litt datakunnskap, og gjerne kan skrive på nynorsk. Det er ikkje nødvendig med kunnskap innan fotball, organisasjon eller trim.

Vi ser for oss at dette arbeidet kan ta om lag ein time pr. veke, på det meste. Alt kan gjerast heimanfrå. Det betyr at ein kan fint bu andre stadar i Noreg.

Kan dette være noko du kan hjelpe idrettslaget med, så set vi svært stor pris på det! Kjenner du nokon  dette kunne passe for, så ver vennleg å vidaresend og informer vedkomande, eller tips oss om aktuelle kandidatar.

Send til hjorungavagil@gmail.com.