Trim og julemorro

Hjørungavåg IL, trimgruppa, vil også i år arrangere trimtur og julemoro i  Øvstegardsråsa ved Øvre Liaset, i skogsopninga mellom Øvrelid og Liaset, sundag klokka tolv.

For å kome til denne plassen har ein alternative vegar, alt etter kor langt ein ynskjer å gå, og kor sprek ein kjenner seg. Lettast og kortast veg er å bruke oppkjørselen til Sten Øvrelid. Her er det høve til parkering. Denne turen tek ca. 3o min. Her kan også barna prøve seg på ulike oppgåver, ein såkalla natursti. Eit godt alternativ er parkeringsplassen ved Hjørungavåg skule. Ein går da vegen opp til Tor Ove Nedrelid og vidare rett opp i Øvstegardsråsa. For ein litt lengre tur kan alternativa vere frå Ulset eller Pilskog. Alle løypene er skilta og har kvite merkeband.

Ved framkomst venter bålbrenning, og høve til grilling. Dessutan har julenissen planar om å dukke opp i år også. Elles vert det leik og moro for barn og voksne i triveleg samvær, m.a med Luciasong og musikkframføring av Jenny Helen og Mari.

Alle er hjarteleg velkomne til ei god og avslappande førjulstund i marka.

NB! Det er gode utsikter vermessig for sundagen, men minner likevel om godt skotøy og utetøy. Når ein går denne turen, er det også mogleg å krysse av  ein eller fleire postar på kartet i turløypenettet vårt. Gratis turkart vert utdelt på staden.