Trimgruppa

Det er no lagt ut nye postar i trimløypenettet i Hjørungavåg for hausten 2018 og vinter/vår 2019. I alt kan vi spore 20 postar i Melshornsida frå Ulset til Overå, og frå Hjørungneset til Engjeskaret. Her er 10 gode grunnar for å bruke Trimløypenettet:

  • Karta er gratis og lett tilgjegelege; dei ligg i trimboksane ved parkeringsplassane på Ulset, Engjeskaret, Korshamna og Pilskog (bak
    buss-skuret ved gamle Pilskogbutikken)
  • Lett å kome til postane ut i frå nemnde parkeringsplassar, evt andre stier som fører opp i løypenettet. Sjå kartet!
  • Postane er dessutan samla i bestemte områder, slik at både voksne og barn kan greie 2,3 eller 4 postar innanfor begrepet ein høveleg trimtur. Jamfør kartet
  • Sjølv om det skulle kome litt snø, er råsene lette å gå i, då ivrige turgåarar raskt trakkar dei opp.
  • Frå ekspertar heiter det seg at den beste trimmen er når ein kan kombinere fysisk aktivitet med gode naturopplevingar. I så måte er dette terrenget i ei ”særstilling”.
  • Når vinden gjer det vanskeleg å ferdast i ope og høgare terreng, ligg oftast fjellsida i le.
  • Sidan nokre av postane ligg konsentrerte, vert det og lettare for barnefamiliar å gå saman og få ei god oppleving.
  • Bli kjend med eldre kultur og levemåte. Sjå kulturminna! (du finn dei markert på kartet) Her er mykje å fortelje borna om frå gammal tid.
  • Oppdage nye stadar og få avveksling frå der ein elles går sine daglege turar. Vi har møtt folk som har kome heilt frå Skodje for å oppleve naturen
    vår.
  • Premiering for dei som leverer inn karta med påmerka postar innan 1.juni 2019.

Kvar post i terrenget er merka med kvit/oransje fargeband, og med eit tal som viser nummeret på posten. Ein skal bruke tanga, som heng ved posten, til å klippe i rett ruta på kartet (skal samsvare med talet på posten). Kvart klipp har sitt spesielle merke (sjå foto øverst).
God tur!