Historie

Hjørungavåg idrettslag vart stifta 20 september 1945. Det var lærar Håkon Riise som tok opptaket til det heile. Hans innsats dei fyrste åra var av stor betydning for utviklinga av idrettsmiljøet i bygda. Det var derfor naturleg at Riise vart den første leiaren, eit verv han hadde i tre år. Han vert hugsa med stor respekt og glede. Det første styret til idrettslaget var slik samansett: Håkon Riise, leiar. Dagfinn Johnsson, nestleiar. Laurits Liaset, kasserar. Håkon Ulset, sekretær. Rolv R. Pilskog og Kåre O. Øvrelid styremedlem.

Dei ti første åra hadde laget ein god auke i aktiviteten, men fekk så ein «knekk» og laget låg nede frå 1954 til 1961. I 1945 hadde idrettslaget 48 medlem mot 2018 om lag 450. Kontingenten i 1945 var 2 krone for menn og 1 krone for kvinner.

I 1945 søkte idrettslaget Hareid kommune om støtte til å bygge idrettsbane inst i Liavågen. Søknaden var på kr 5000 og fekk 3000.-
Kjøpesummen av eit område på 40m x 70m var kr. 2679.25 Dermed var det klart for bygginga av ei handballbane som var hovedaktiviteten den første tida.

Med aukande aktivitet så har leiarproblema vore merkbare opp gjennom tida, men det har alltid ordna seg.

Laget sine leiarar av hovedstyret fram til 2018:

Håkon Riise – 1945-1948
Rolv R. Pilskog – 1949-1953
Reidar Stordal – 1954
Oddvar Pilskog – 1961-1966
Jogeir Pilskog – 1967-1970
Odd Hjørungdal – 1971-1972
Odd Fredriksen – 1973
Gunnar Liavåg – 1974-1976
Ottar Pilskog – 1977-1978
Harald Larsen – 1979-1981
Bjørn Overå – 1982-1984
Otto S. Grotle – 1985-1986
John Stennes – 1987-1988
Jan Henrik Johansen – 1989-1990
Per Pilskog – 1991-1992
Trine Liavåg – 1993
Kristian Indreflø – 1994-1995
Merete Pilskog Pedersen – 1996
Trine Kleppe
Johannes Liavåg
Einar Warholm
Einar Aasen
Rune Jensen
Kjetil Nesset

Sesongprogram 1988
Jubileumshefte 40 år (1985)
Jubileumshefte 50 år (1995) Del 1
Jubileumshefte 50 år (1995) Del 2
Jubileumshefte 50 år (1995) Del 3

«Det moderne Jomsvoll»
Idrettslaget arbeider vidare og ser at det rundt omkring på Sunnmøre vert det stadig opna nye grasbaner av mindre idrettslag. Dette ville styret i laget gjere noko med. Og i 1972 tok så hovedstyret opp tanken om å bygge grasbane. Og 9. juli 1976 vart grasbana opna med tre gjestande lag.

Bana vart lagd på «grabbamasse» frå havbotnen på Rovde. Dette var ei sandholdig masse som drenerte godt. I periodar hadde banen 60% større belastning enn det som er vanleg på Vestlandet.

Dette vart ein milepæl for laget, men iveren etter klubbhus auka. Og 9. desember 1984 vart klubbhuset innvigd med 80 gjestar. Og i 2017 vart huset oppgradert med mellom anna nytt moderne kjøkken, nye garderobar/dusjar og bord og stolar i storesalen.

Det vart så behov for ei avlastningsbane, og den vart bygd inntil klubbhuset på eit område som idrettslaget måtte løyse inn då ein kjøpte grunn til klubbhuset. Dette vart ei treningsbane/sjuarbane.

Mykje berg vart sprengt bort og køyrt på moloane til småbåtlaget, og banen stod ferdig i år 2000. Denne banen vart så ombygd til kunstgrasbane med flomlys i 2016. Eit moderne anlegg.

Å eige og drifte eit privat idrettsanlegg krev mykje ressurasar.

Jomsløpet
Jomsløpet er det arrangement i friidrettsgruppa som har lengst levetid. Det vart første gongen arrangert på slutten av 60-talet. På 80-talet hadde ein innpå 150 deltakarar.

Pinsegudstjenesta
Den første pinsegudstjenesta på Melshornet vart arrangert i 1979. Og på det meste har det vore 450 som har delteke. Berre ein gong har gudstjenesta vorte avlyst grunna dårleg ver. Dette er eit arrangement der idrettslaget har hatt eit godt samarbeid med Hareid sokneråd, og dei seinare åra også Hjørungavåg Brass. Tre gongar har det vore nytta helikoptertransport , for at eldre kunne få delta.

Hovedstyret
Idrettslaget har sidan 1965 hatt ansvar for tenning av julegrana, og det var idrettslaget sin ide. Dei første åra fekk laget juletre av ulike bøndre, og Hareid kommune betalte laget kr.500 Kjærkomne pengar. Den første tida stod treet ved K. J. Liavåg (no Total Bygg), for så å verte flytta til Jarlebautaen på Leira i 1988, slik at ein større del av bygda kunne sjå treet. Under julegrantenninga dei første 25 åra var det Hareid sokneråd som bidrog med talar, men seinare andre frivillige. Hjørungavåg skulekorps har vore ein trufast deltakar under dette arrangementet.

Ein annan god tradisjon er sal av rjomegraut på Sangthans. Dette føregjekk den første tida på klubbhuset, for så å verte flytt til Leira i 1988. Med brudepar i karjol og brudevigsle, og med «presten» på plass. Her stiller Hjørungavågspeidarane opp med leikar for born, og avsluttar med bålbrenning.

1986 Feiring av 1000 årsminnet
Jomsvoll vart ein sentral stad under feiringa. Det vil i denne samanhang føre for langt å gå inn på alt, men vil nemne ein del. Opning av kunstutstillinga til Rudolf Overå av statsminister Gro Harlem Brundtland. I følget fylkesmann Fostervoll og biskop Nordhaug. Oppvisning av Hans Majestet Kongens Garde.(om lag 1500 tilstades) Folkeviseleik av lokale aktørar og innbedne gjestar frå Færøyane. Bogeskyting og fotballkamp mellom heimelaget og Hødd sitt sensasjonslag frå 1966. Rundt om på stadion sal av ulike ting og sjølvsagt fekk ein kjøpe middag på klubbhuset. Idrettslaget stilte med alt disponibelt mannskap, og Heimevernet hjelpte godt til under dette særdeles minneverdige arrangementet.

Melshornet opp
Løpet gjekk av stabelen for første gong i 2015. Dette er eit løp for godt trente, men også for mosjonistar. I 2018 fekk gruppa digital tidtaking.

Trimgruppa
Trimgruppa har lagt ned eit stort omfattande arbeid for å få laga digitale turkart i lokalmiljøet. Turløyper med postar som alle kan ta del i, og er av særdeles god kvalitet. Her snakkar vi om store investeringar. Desse vart tekne i bruk i 2015. Og i tillegg arrangerer idrettslaget andre turar både lokalt og omkring i fylket.

Eit relativt nytt populært tiltak er julemoro i skogen i Øvrelid. Her er det grilling, leikar og besøk av nissen.

Friidrett
Heilt tilbake til tida etter krigen har idrettslaget hatt friidrettsutøvarar som har markert seg.

Denne delen av aktiviteten har ikkje hatt den store bredda, men enkelt utøvarar har markert seg godt. Det vere seg i løp, kule, tresteg og stafettar. Desse aktivitetane krev stor personleg disiplin og tolmidigheit.

Fotball
Ser ein på hovedaktiviteten til idrettslaget så er det fotball som har dominert. A-laget for menn syner at resultata frå 6 divisjon og nokre år i 5 divisjon har veksla mykje. Og det har ført til at laget har vore som ei «skumil» mellom divisjonane.

A-laget for damer hadde seriespel ein kort periode midt på 80 talet. Laget fekk problemer med rekruteringa, og dette har også A-laget for menn i periodar slite med. A-laget for menn spelte sin første kamp mot Valldal i 1975. Det var i 80 åra at fotballen hadde den største aktiviteten. A-lag for kvinner og menn og fire aldersbestemte lag.

Med snart 75 år med aktiv idrett, så har handball, friidrett, fotball, orientering og trim gått side om side. Hjørungavåg idrettslag var det første laget som hadde godkjende orienteringskart på Søre Sunnmøre.

I dag står Jomsvoll fram som eit fint annlegg, og som dei om lag 1100 innbyggarane kan drage nytte av. (416 husvære i 2018) Antan gjennom fysisk fostring, eller bruk av lokala i klubbhuset til sosiale føremål.

Emblemet til idrettslaget er laga av Oddvar Pilskog.

I 1999 får idrettslaget overrekt ny fane laga av Rigmor Bøe. Og veteranane Idar Overå og Gunnar Liavåg bar fana på 17 mai dette året.

Frå år 2000 er idrettslaget inne i eit generasjonskifte. Unge dyktige leiarar tek over ansvaret for dei mange som har drege lasset dei siste 30 – 40 åra.

Drivkrafta til idrettslaget har alltid vore ei god dugnadsånd og skaparglede.